Ryfylkeutstillinga 2026
Velkommen til Ryfylkeutstillinga 2026.
Ryfylkeutstillinga er ei juryert utstilling for kunstnarar med tilknyting til Ryfylke. Utstillinga er i regi av Ryfylke Kunstlag. Sjølve juryeringa fann stad den 17. juni på Frivilligsentralen på Sand, og juryen hadde mykje spanande å velja i. Dei som har stått for juryeringa er kunstnarane Ellen Kalvig og Solveig Landa, samt styreleiar for Ryfylke Kunstlag og Suldal kunstlag, Eva Jorna Bendiksen. Av 24 håpefulle som sendte inn til saman 70 verk, er det 15 som går vidare til sjølve utstillinga med til saman 27 verk. Desse 15 utstillarar kjem frå heile Ryfylke, alle er medlemmer i enten eit lokale kunstlag eller Ryfylke Kunstlag.
Det var brei semje i juryen når utveljinga tok til, og det har enda med ei utstilling med stort omfang og av rik karakter. Jurymedlemmene meinte dei godt kunne sjå kor mange av deltakarane hentar inspirasjonen sin frå. Fleire av verka spegla Ryfylkenaturen, og det var lett å kjenne seg igjen i landskapet. Representert i utstillinga er spennande skulptur, vevde arbeid, foto, trykk og måleri – både naturalistiske landskapsbilde og uttrykk av meir fabulerande karakter. Marmor kan vere mange ting, hardt og kaldt, eller som her, gi eit mjukt og varmt uttrykk. Den tradisjonelle bunadssøljen kan vere bunden i det tradisjonelle, men også frekk og fargerik. Redningsvestar og fiske kan vere så mangt og er presentert på ein annleis måte – spanande og fargerikt. Verka som er innsende er vel gjennomarbeida og godt utførte. Dei syner ulike teknikk, farger og har god kvalitet og kunstnarane sette høge krav til seg sjølv og arbeida deira. Juryen kjende dei vart utfordra på sin eigen kunstsyn, dei syns det var ein spanande og utfordrande, men hyggeleg, oppdrag å få vere med og juryere så mange interessante bidrag. Det blir ei utstilling av variert uttrykk og høg kvalitet me får sjå når den startar på vandring rundt i Ryfylke.
Sauda er representert av Arne Skogerbø og hans landsskapsmålerier,. Suldal er representert av Svanaug Skjerahaug, Siv Heidi Rørvig Speth og Berit Heggelund og Elisabeth Bog alle med måleri. Strand er reprenserte av Anne Karin Krogevoll, skulptur, Ingvill Gaarder, olje på lerret, Margretta Moltu, søljer, Marina Derland, grafikk.. Hjelmeland med Vaiva Skår, mandalaer. Stavanger med Elisabeth Fidjeland, akrylmåleri og Torunn P Dagsland med vevde bilete, Ann Elisabeth Ellingsen frå Haugesund, olje på treplate, Geir Landa Finnøy/Stavanger, og Bryne med Knut Ole Eskedal syner foto. Variert og spanande!
Gjesteutstillar i år - Ellen Kalvig
Ellen Kalvig var årets juryleiar og gjesteutstillar. Ho bur og arbeider i eige atelier i Suldal.
Ellen seier: «Inspirasjonen kjem fra naturen og landskapet som eg bearbeider malerisk og grafisk til menneskelige omgrep ved bruk av kontraster, lys, symbolikk og assosiasjoner. Bilete er av eit landskap eller ein metafor på noko anna,- det vel sjåaren. Eg har vald å bu tett på naturen, og gjennom kjennskap og bruk til denne, finn eg mi kjelde til kunsten.
Har stilt ut jamnleg sidan 1986 i inn - og utland. Debututstilling i Sandnes kunstforening 1987, og medlem i NBK sidan 1988.»
Velmøtt til Ryfylkeutstillinga 2026!

Gevinstbilete av gjesteutstillar Ellen Kalvig
Reiseruta:
Sauda
Opning 29.08. - 09.09.26
Finnøy
18.09.26 - 29.09.26
Hjelmeland
08.10.26 - 20.10.26
Suldal
Opning 14.11. - 24.11.26
Strand
01.12.26 - 15.12.26
🎨Juryeringa for Ryfylkeutstillinga 2026 er no klart, og mange har venta i spenning på om dei kom med.
Juryeringa fant stad den 17. juni på Frivilligsentralen på Sand, og juryen hadde mykje spanande å velja i. Dei som har stått for utveljinga er kunstnarane Ellen Kalvig og Solveig Landa, samt styreleiar for Ryfylke Kunstlag og Suldal kunstlag, Eva Jorna Bendiksen. Av 24 håpefulle som sendte inn til saman 70 verk, er det 14 som går vidare til sjølve utstillinga med til saman 28 verk. Desse 14 utstillarar kjem frå heile Ryfylke, alle er medlemmer i enten eit lokale kunstlag eller Ryfylke Kunstlag. Sauda er representert av Arne Skogerbø og hans landsskapsmålerier,. Suldal er representert av Svanaug Skjerahaug, Siv Heidi Rørvig Speth og Berit Heggelund og Elisabeth Bog alle med måleri. Strand er reprenserte av Anne Karin Krogevoll, skulptur, Ingvill Gaarder, olje på lerret, Margretta Moltu, søljer, Vaiva Skår, mandalaer, Elisabeth Fidjeland, akrylmåleri, Marina Derland, grafikk. Torunn P Dagsland med vevde bilete, Geir Landa og Knut Ole Eskedal Finnøy/Stavanger, syner foto. Variert og spanande!
Det var brei semje i juryen når utveljinga tok til, og det har enda med ei utstilling med stort omfang og av rik karakter. Jurymedlemmene meinte dei godt kunne sjå kor mange av målarane hentar inspirasjonen sin frå. Fleire av bileta spegla Ryfylkenaturen, og det var lett å kjenne seg igjen i landskapet. Representert i utstillinga er spennande skulptur, vevde arbeid, foto, trykk og måleri – både naturalistiske landskapsbilde og uttrykk av meir fabulerande karakter. Marmor kan vere mange ting, hardt og kaldt, eller som her, gi eit mjukt og varmt uttrykk. Den tradisjonelle bunadssøljen kan vere bunden i det tradisjonelle, men også frekk og fargerik. Redningsvestar og fiske kan vere så mangt og er presentert på ein annleis måte – spanande og fargerikt. Verka som er innsende er vel gjennomarbeida og godt utførte. Dei syner ulike teknikk, farger og har god kvalitet og kunstnarane sette høge krav til seg sjølv og arbeida. Juryen kjende dei vart utfordra på sin eigen kunstsyn, dei syns det var ein spanande og utfordrande, men hyggeleg, oppdrag å få vere med og juryere så mange interessante bidrag.
Det blir ei utstilling av variert uttrykk og høg kvalitet me får sjå når den startar på vandring rundt i Ryfylke. Ryfylkeutstillinga 2026 startar vandringa si med opning på biblioteket i Sauda 29. august, kl 12.
Velmøtt til Ryfylkeutstillinga 2026!

Juryleiar og gjesteutstillar i år Ellen Kalvig

Frå juryeringa: Framme sitter juryleiar og gjesteutstillar, Ellen Kalvig, jurymedlem og neste gjesteutstillar Solveig Landa, jurymedlem og leiar for styret i Ryfylke kunstlag og Suldal kunstlag, Eva Jorna Bendiksen.
🎨 Bli med på Ryfylkeutstillinga 2026 – Ei unik moglegheit for kunstnarar i Ryfylke!
Er du ein kunstnar som bur og skapar i Ryfylke? Då har du sjansen til å vise fram verka dine på Ryfylkeutstillinga 2026 – ei spanande, juryert utstilling som skal reise rundt i fleire av Ryfylkekommunane denne hausten! ✨
🌟 Kva er Ryfylkeutstillinga? Ryfylkeutstillinga er ein plattform som løftar fram mangfaldet av kunst frå vår region. Enten du arbeider med måleri, foto eller andre kunstformer, oppmodar vi deg til å delta og dele kunsten din med publikum i heile Ryfylke.
🖼️ Korleis delta?
- Send inn bilete av inntil tre (3) originale verk – måleri, fotografi eller annan kunst, som vedlegg i e‑posten til post@ryfylke-kunstlag.no. Ta med storleiken på verket.
- Juryering: Verka blir vurderte av ein jury beståande av to profesjonelle kunstnarar og ein representant frå Ryfylke Kunstlag.
- Påmelding: For å delta må du vere medlem av eit lokallag i Ryfylke eller direkte medlem i Ryfylke Kunstlag. Dersom du ikkje er medlem enno, kan du enkelt bli det! Ta gjerne kontakt med Brith på mobilnr.: 97 08 76 78.
📅 Viktig informasjon
- Frist for påmelding: 30. mai.
- Send bilete av verka som vedlegg i e‑posten til post@ryfylke-kunstlag.no
