Utstilling med Jan Terje Rafdal
"Landskap i sakte endring"
Ryfylke Kunstlag har gleda av å presentere vandreutstilling med Jan Terje Rafdal, f: 1974. Rafdal har studert illustrasjon i tre år i England, samt tre år i Arna ved Garnes VGS. Han har hatt ei rekkje utstillingar både internasjonalt og i Norge. Rafdal har ateliér i Etne. Han arbeider innan ulike teknikkar, med særleg vekt på grafikk, teikning og maleri.
Dette fortel Jan Terje Rafdag om ustillinga:
Landskap i sakte endring.
«Etter mange år med fokus på motiv henta frå sørkysten av England gjennom eit langvarig samarbeidsprosjekt med Jeremy Gardiner (UK), kom ei stadig sterkare trang til å arbeida med referanser som eg har eit nærare forhold til.
Eg bestemte meg for å ta utgangspunkt i ei svært begrensa tidsramme på våren, nemleg tida under snøsmeltinga. Lenge har mønster og former som oppstår i kontrasten mellom snøen og fjell/ bar mark vore ei kjelde til fascinasjon. Ein ser dette nærast som eit binært mønster som kan opplevast heilt eller delvis abstrakt. Med dette som utgangspunkt var eg førebudd på at dette kunne resultera i eit uttrykk med sterk abstraksjon, men serien tok etter kvart ei meir figurativ retning. Kanskje det er den sterke tilknyttinga til desse stadene som gjer at motiva utvikla seg mot det konkrete?
Dei langsomme endringane som skjer i naturen viser igjen som spor etter istida, skrevne inn i landskapet og forma av enorme krefter. Vidare ser me overgangen mellom årstidene som fylgjer sin eigen syklus. Alt dette står i kontrast til samfunnet rundt oss, der me stadig går lengre i å setja våre spor, nokre som etter kort tid er utviska av naturen sjølv. Andre med potensial for å bli ståande i nær uendeleg tid sett i eit menneskelig perspektiv. Å betrakta eit landskap oppe i fjellet er ei slags tidsreise, der ein ser ein del av verda som er så godt som heilt upåverka av oss mennesker. Det same motivet som må ha møtt menneska som levde her etter den siste istida og framover.
Eg ynskje å formidla dei usikre, og til del usympatiske elementa som møter ein i naturen. Været som skiftar brått, snøen som utover dagen blir laus og tung å ferdas i når sola får den til å smelta. Det er langt heim ... «
www.rafdal.net
www.janterjerafdal.wordpress.com

Fotogalleri






Reiseruta:
Hjelmeland
Laurdag 14.03.26
Måndag 23.03.26
Finnøy
Fredag 27.03.26
Måndag 13.04.26
Suldal
Laurdag 18.04.26
Måndag 04.05.26
Strand
Fredag 08.05.26
Fredag 22.05.26
Sauda
Fredag 29.05.26
Måndag 15.06.26
