Pia Myrvold
Pia Myrvold er ein norsk kunstnar og designar med ei banebrytande karriere som strekkjer seg over fire tiår. Ho jobbar med kunst i skjeringspunktet mellom teknologi, mote og interaktivitet. Frå 1992 til 2022 var ho basert i Paris. MYrvoLD har markert seg som ein av Noregs mest internasjonalt profilerte samtidskunstnarar. Med prosjekt som "Clothes as Publishing" og "Female Interfaces", har ho utfordra grensene for kva kunst kan vere – og korleis ho kan opplevast.

Utstillinga "Time Machines" I utstillinga "Time Machines" vert ei rekkje grafiske verk og måleri presentert som utforskar ulike sider ved omgrepet tid. Utstillinga tek òg føre seg Venusforma – eit kraftfullt symbol frå tidleg kunsthistorie, som representerer fruktbarheit, femininitet og overleving blant urfolk. Venusfiguren står som eit symbol på mennesket si tilknyting til naturen og vår felles kulturarv. Straumane i bileta symboliserer endring, rørsle og samspelet mellom universet og menneskelege erfaringar.
Reiserute
23.8.25 til 31.8. 25 Hjelmeland
20.9.25 til 5.10.25 Suldal
11.10.25 til 18.10.25 Sauda
25.10. 25 til 1.11.25 Strand
15.11.25 til 29.11.25 Finnøy